Om oss

Velkommen til Teca AS, totalleverandør av tekniske tenester og produkter. Med brei og solid fagkunnskap er vårt hovudfokus å gi deg som kunde dei beste og mest kostnadsgunstige løysingane innan elektro, ventilasjon, energi, røyr med meir.

Tekniske fag er i rask utvikling, kor bl.a høgare krav til smart teknologi, energisparing og betre innemiljø har gitt mange nye tilbod på marknaden. Hos Teca AS kan du alltid vera trygg på rett leveranse – til rett tid – og til rett pris.

Hos oss er kvart oppdrag like viktig, både når det kjem til privatkundar og næringskundar, innan bygg og anlegg, eller industri og maritime fartøy.

Teca AS er ei samanslåing av tidlegare Helle Elecon, Teknisk Beurau Sunnhordland og KES (Klima- og energiservice), som samla utgjer meir enn 190 tilsette. Me har lokasjonar på Stord, Bømlo og i Kvinnherad.

Selskapet er eit av dei største tverrfaglege tekniske fagmiljøa mellom Bergen og Stavanger.